Willkommen im Anglerparadies Tysnes

 

    
English   Norsk   NL

Home

Aktuelles

Übernachtung
Appartanlage Sjø og Fritid

Information Anreise/Buchung

Boote

Angelkurse
Angelguiding

Tauchen

Fotoalbum
Reiseberichte

Angelshop

Tysnes

Info Norwegen

Wir über uns

Links/Banner

 

 

Fekk monsterlange med forviklingar  

Dette er rett og slett ei utruleg fiskehistorie som involverer fleire sportsfiskarar, avansert fiskereiskap og ei kjempestor lange på 26 kilo. Då den norske fiskar fekk ruggen opp i båten ein sur dag i haustferien, viste det seg at fisken hadde stukke av med fiskereiskapen til ein annan sportsfiskar. 
– Me drog tungt og kjende kraftige rykk i snøret. Fisken prøvde å dra av garde. Etter nokre minutt med intens spenning, vart vinkelen på snøret skråare og skråare og plutseleg vart snøret heilt slakt. Femti meter borte duva ei diger kvit buk i bølgjene. Me gjorde store auge då me kom bort til fisken og fekk sjå storleiken. Utan klepp fomla me noko med å få beistet opp i båten. Fisken var solid vikla inn i sniksnøret. I kjeften på beistet hang to krokar med gamle agnrestar og ein tung pilk. Sniksnøret hadde vikla seg inn i desse. Til vår store forundring oppdaga me at ingen av krokane i kjeften på dyret høyrde til vårt sniksnøre. Me hadde med andre ord ikkje krokfeste på fisken, så det er heilt utruleg at me fekk han opp, seier Søfteland. No lurar han på kven som har hatt storfisken på kroken tidlegare. 

Den norske sportsfiskar fekk ei lange på 26 kilo på sniksnøre utanfor Våge. Langa hadde pilk og fiskekrokar festa i kjeften etter at ein annan sportsfiskar har prøvd seg på beisteet tidlegare. 

Fiskeguide var først på langa 
Michael Naunheim, fiskeguide på Tysnes Sjø og Fritid, vart ganske så overraska då han las bladet Tysnes i førre veke. På den store langa, som den norske sportsfiskaren  hadde teke på sniksnøre den 15. oktober, hang nemleg Naunheim sin fortaum med pilk og anglar. 
Det var den 12. oktober at han og fleire sportsfiskarar var ute ved Seiafluene utanfor Våge. To dagar før hadde fiskeguiden halt opp ei lange på 168 cm. No hadde han storfisk på kroken att. 
– Eg skjøna at eg hadde storfisk på stanga, og trudde at eg skulle setja ny personleg rekord. Eg fekk vel drege han opp ein 30 meter, men så rauk snøret, seier Naunheim. Den personlege rekorden hans er ei lange på 174 cm. 
– Eg trudde at fisken eg miste var endå større, truleg på grunn av at det var kraftig vind. Når du mister noko så stort, er det utruleg keisamt, seier Naunheim. 
Berre tre dagar etter denne hendinga vart den grådige langa lokka av sniksnøret til den norske sportsfiskar. Med pilk og to anglar festa i kjeften, vikla han seg inn i sniksnøret til Søfteland og drog heile snøret med seg midtfjords i Bjørnefjorden. Det var med naud og neppe at han fann det att, og då han fekk ruggen på land viste vekta 26 kilo og langa vart målt til 167 cm. 

(ifra Bladet Tysnes)

 


amazon

Wichtiger Hinweis zu den Links auf unserer Seite!
Maile an  Tysnes Båtutleie AS  oder mail@tysnes.com
Bei Problemen mit diesen mailadressen: Klick hier!


Letzte Änderung: 17 april 2009